tysdag 5. oktober 2010

heimelaga knekkebrød

Eg har laga knekkebrød i dag!
Published with Blogger-droid v1.6.2

laurdag 2. oktober 2010

Nok eit android forsøk

Har lasta ned ein app som får bilder til å sjå gamle ut. Det er vist inn, så då må eg jo teste det;)

Omg, det kan faktisk virke som eg blir nødt til å gå tilbake til Blogger.com. Det virker som Blogg.no berre er ute etter å tjene peng. Det må jo vere derfor dei ikkje har laga til ein blogg app til android endå. Idiotisk! Jaja, får sjå om eg straks startar opp prosjektet med å starte opp og fikse opp Blogger bloggen min :)
Published with Blogger-droid v1.6.1

Blogger-droid

Eit forsøk på å Blogger med Blogger app.
Published with Blogger-droid v1.6.1

laurdag 20. mars 2010

Ny blogg

Eg driv og prøver ut ein ny blogg. Har ikkje fått laga den til sklik eg vil ha den enda, men eg har no begynt å blogge.

Check it out;

karoline.blogg.no

fredag 19. mars 2010

Muse konsert


Hurraaa! Muse skal til Bergen og eg har sikra meg billetter:) Gleder meg til 23.juli!

torsdag 18. mars 2010

Lei av bloggen min!

Eg er lei av bloggen min.
Den ser såå kjedelig ut!
Eg vil lage meg ny blogg, kan noken anbefale ei bloggside?
blogg.no, wordpress, ipublish, noke anna?
Eg treng tips.

The Body Shop

Eg må berre skryte av den deilige håndkremen eg har brukt i det siste, "Almond Oil" fra Body Shop. Den har holdt hendene mine mjuke i vinterkulden. No står den fint plassert på pulten min på jobb slik at eg hugsar å bruke den kvar dag. Eg gløymer alltid å bruke handkrem og slikt når det ikkje ligger rett forran meg ;)

søndag 14. mars 2010

Bilete i kvardagen

Eg har lyst å begynne å ta bilete i kvardagen, det er noko eg aldri tenkjer på å gjere men som eg gjerne skulle gjort. Det er jo stort sett i kvardagen ein får dei beste minna. Eg får lade opp kameraet mitt og sette i gang, eg har tenkt på det lenge no, så det er på tide at eg gjer det. På den måten får eg også litt bilete å legge ut på bloggen min :)

laurdag 13. mars 2010

Ny jobb

Eg har fått meg ny jobb, som konsulent på brukerstøtta til difi. Det er ikkje så veldig mykje å skryte av siden jobben berre varer ut april, men det er jo betre enn ingenting. Eg liker meg der iallefall, så håper at eg får utvida engasjementet mitt der til litt meir enn 2 månader dersom dei har behov for folk etter rushet i mars/april.

måndag 15. februar 2010

VEKAkunstnar: Arve Ullebø

På søndag var eg på opninga av Arve Ullebø si utstilling på Meieriet, han er årets VEKAkunstnar under VEKA TjueTi i Sogndal. Det var utruleg mange fine bilde han har tatt! Eit av bilda eg likte best var "CTRL+ALT+DEL", det vant prisen for månedens bilete her i Norge.













Bileta hans skal henge på Meieriet fram til 28. februar. Eg vil absolutt anbefale ein tur for å sjekke ut bileta. Om ikkje kan du sjekke dei ut på denne nettsida: reinluksus.no

måndag 1. februar 2010

Sherlock Holmes

I går var Thor Kristian og eg på kino og såg "Sherlock Holmes". Kul film! Den minna meg litt om "The Illusionist", som eg også liker godt:)

søndag 31. januar 2010

Back to the 80's

I går jobba eg på 80-tallsfesten på Meieriet, noko som var kjekt som alltid. Var baransvarleg på laben, noko som gjekk ganske greit:)

Etter jobb vart det jobbenach der bandet dukka opp, kul kveld/natt/morgen :)

No er det søndag, noko som betyr 4 stjernes middag og celebert selskap kavalkade + lan i Elvabakken 1.

onsdag 27. januar 2010

Jobb

Eg har lyst på jobb! Eg har ikkje lyst å gå på skule meir. Eg lure meg på om det er jobbar å oppdrive i Sogndal for ei med reiselivs og media utdanning? :)

tysdag 26. januar 2010

3000 til 3500 ord

Eg skal skrive 3000 til 3500 ord om korleis globalisering fører til auka homogenisering.
Det skal leverast om ei veke. Korleis skal dette gå?

måndag 18. januar 2010

A1 kjem til Veka!!



















OMG! A1 kjem til Sogndal, dei skal spele på Meieriet i SOGNDAL! A1, boybandet A1 som eg for 10 år sidan var meget stor fan av. Min største draum for 10 år sidan var å gå på konsert med A1, og no skjer det faktisk!

Gleda eg meg?

JAAAAAAAAAAA!!!!

torsdag 24. desember 2009

God jul!

Eg vil ønske alle ei god jul! Kos dåke mykje med famillie og venner:)

Lillejulafta

I dag møtte eg Anne, Linn og Agnethe i Dale.

Det var kjekt å sjå dei att etter gammalt, Agnethe har eg faktisk ikkje sett på nokre år no!


Kvelden:

I kveld har vi ete koldtbord med mykje godt julepålegg og kakao.

Seinare bestemte vi oss for å ta ein runde med 10 000.


Resultatet.

Etterpå såg vi Alene hjemme 2.

tysdag 22. desember 2009

Love Actually

Love Actually er eit must kvar jul, eg har ikkje fått sett filmen i år. Eg finner den ikkje igjen! Eg må nok laste den ned, eller vente til den kommer på tv. I mellomtida kan vi nyte sangen med Mariah Carey (dumme youtube tillot meg ikkje å legge ut Love Actually sin versjon):

måndag 21. desember 2009

Oh joy!

I dag har eg hatt min siste dag på jobb for i år, noko som betyr at jula berre kan komme! Eg er ferdig med julegåvene, så no er det berre å nyte juleferien fullt ut.

I helga hadde vi forresten besøk av søskenbarnet mitt Gry, hennes samboer Kalle og den nydelige dattera deira, Nora. Dei bur til vanleg i sverige så det er ikkje ofte vi ser dei. Det var veldig kjekt når dei var her, og Nora er berre den søtaste lille babyen. Ho smilte og lo heile tida og var berre herleg!

På onsdag skal eg møte Anne igjen etter gammalt, det er begynt å bli lenge siden sist no, trur faktisk ikkje eg har sett ho siden sommarferien. Det skal bli kjekt å sjå ho igjen!
<----Anne og meg på Hard Rock i London!

3.juledag i år skal eg reise til Svelgen og tilbringe romjula saman med Thor Kristian og familien, eg gleder meg! <3
<---- Thor Kristian og meg på jobb

søndag 20. desember 2009

Litt meir shopping

Eg tok meg ein tur inn på eBay igjen eg. Eg såg litt på koster, så eg endte opp meg å kjøpe meg ein Bare Escenruals Concealer kost. Betalte 84 kroner for kosten inkludert frakt. Men no skal eg gje meg, ikkje meir shopping på lenge! No har eg tre pakkar i vente når eg kjem tilbake til Sogndal! Så kjekt!

Ghost of Girlfriends Past

I går såg eg ein film som heiter Ghost of Girlfriends Past, eg hadde sett i VG at den hadde fått terningkast 1, med andre ord: eg hadde låge forventningar.

Filmen har tatt utgangspunkt i Charles Dickens A Christmas Carol, det er ein egoist som vert hjemsøkt av spøkelse fra fortid notid og framtid. Forskjellen her er at i denne filmen er egoisten ein player istadefor ein gammal gniar.

Eg kan ikkje sei at filmen gav meg så mykje, men det var ei heilt grei underhaldning på ein laurdagskveld. Det var med andre ord ein typisk romantisk komedie.

fredag 18. desember 2009

Klassetur til York

Eg var på klassetur til York i oktober/november, det er vel på tide at eg legger ut litt bilete frå turen.


Sånn såg romma våre ut, dei var ganske enkle, men vi hadde ikkje behov for meir heller, det var ganske greit at vi hadde eigen vask på rommet. Etterpå gjekk vi på kjøkkenet for å vie inn huset.



Her er vi på veg til skulen, glade og fornøgde, som alltid ;)



Browns, dei hadde gooode sandwiches altså. Anbefalast!



Jentene i klassen tok oss ein tur på resturant, den viste seg å være vegetar, men det gjekk fint. Var veldig fin atmosfære der og det blei ein veldig koselig kveld



Vi tok oss ein tur på kino, 3D kino, vi såg UP! den va sååå fin :D


Først tok vi oss ein tur ut for å ete, deretter gjekk vi på ein av dei mange pubane i York, for så å ende opp på nattklubben The Gallery. Vi var der på halloween, så plassen var stappa med folk. Til venstre på bilde 3 ser vi Ida og Camilla, the Headmark girls.



Kvalitetsdsag med Ruth. Ein kan ikkje vere i England uten å ete english breakfast.



Og ein kan ikkje være i næreiken av ein så søt bil uten å ta bilde med den ;)



Vi tok oss ein tur til Manchester for å sjå på fotballkamp.



Eg og Ingrid spelte billiard på ein av pubane vi var på, dette trur eg var på quiet charles.

Konklusjon: York var/er fantastisk!

torsdag 17. desember 2009

Litt førjulsshopping

Eg satt og kjeda meg litt ein kveld, så eg bestemte meg for å ta ein tur på eBay, det er aldri ein god idè dersom ein ikkje har tenkt å bruke penger. Eg endte opp med å kjøpe meg ein parfyme som eg snart er tom for, Lacoste sin "love of pink". Eg fekk 90ml for 260 kroner inkludert frakt, det var ikkje så aller verst.

Etterpå fekk eg lyst å kjøpe meg litt sminke, og bestemte meg for å prøve eit nytt merke med mineralsminke. Eg valgte å gå for eit merke frå sverige som heiter TiKei Mineral Makeup. Eg bestilte dette:

Litet Mineralsmink Kit :
• Foundation Cool 2
• Finishing Veil Matte
• Concealer Yellow
• Rouge Delight

Dette kjøpte eg for 308 kroner inkludert frakt, billig! Men det kjem nok toll i tillegg på begge pakkane :/

Gleder meg til å få pakkane i posten! :D

tysdag 8. desember 2009

VEKA tjueti!

Wohooo! No har VEKA programmet komme ut, det er framleis nokre artistar/band som ikkje er sluppe endå, men mesteparten er no klart! Gleder meg til februar!

Artistane som kjem er:

- DATAROCK
- SUPERFAMILY
- VASSENDGUTANE
- KARIN PARK
- THE GENEROUS DAYS
- TYYL
- PAPERBOYS
- DONKEYBOY
- KINGS OF LIEN
- JOHN OLAV NILSEN OG GJENGEN
- KRÅKESØLV

Alt dette skal skje i 16. til 27. februar. I tilleg skal det sjølvsagt være studentrevy. I like it! :D

fredag 4. desember 2009

Ønsker meg ny mobil!

Og no veit eg kva slags mobil eg ynskjer meg, det er ein Sony Ericson Satio!! :D
Tenk å fått den til jul! Eg har litt lyst på iPhone og, men av erfaring veit eg at Sony Ericson har bra mobilar, og denne her, den fristar!

laurdag 28. november 2009

Forkjøla igjen

Kva er greia med at ein alltid vert forkjøla før ein skal ha prøver eller eksamen? No sitter eg og skal skrive arbeisdkrav i civilisation (som forøvrig kom lovlig nært sjølve eksamen) og hoster og nyser og harker så mykje at eg ikkje klarar å fokusere på det eg skal skrive om. Typisk.

Eg har funne ut at å gå på engelsk var eit litt for optimistisk val frå mi side, så neste halvår har eg bestemt meg for å ta økonomifag istaden. Mykje kjekkare det! Det er eit fag eg har bestemt meg for å ta i økonomi, forretningsjus, resten skal eg finne ut av i jula, men vurderer iallefall macro også. Eg har også funne ut at ein må ha matte for å komme inn på master i markedsføring, OH NO!!! Så det får eg ta ein gang eg virkelig savner skulebenken, for det er ikkje snakk om at eg har motivasjon til å ta matte til neste år. Eg vil heller få meg ein jobb når eg er ferdig i Sogndal til våren, så er det berre å håpe på at eg finn meg ein reiselivsjobb då.

onsdag 18. november 2009

The old apothecary

Då eg var på klassetur til York, tok vi oss ein dagstur til Howarth for å sjå på huset til Bronte familien. Dette var for å vera heilt ærleg litt kjeisamt, og skuffelsen var stor då vi fant ut at vi måtte slå i hel heile 3 timar i ein tilsynelatande kjedelig by. Vi gjekk difor inn på nærmaste pub og satte oss for å vente på at tida skulle gå. Heldigvis var puben så kald at vi ikkje klarte å sitte der i meir enn ein halvtime før vi måtte begynne å bevege på oss.Turen gjekk til sentrum av Howarth, som skulle vise seg å vera meir interessant enn først antatt. Vi møtte på bussjåføren vår då vi kom til sentrum, han tipsa oss om å gå inn på the old apothecary shop. Han påstod at det måtte være ein perfekt butikk for Ruth og meg. Vi fulgte rådet hans og gjekk inn i ein fantastisk butikk!
Vi fekk nesten hakeslepp når vi kom inn døra, det lukta ei blanding av såper, te og godteri (ein overraskande nydelig kombinasjon). Rommet var fullt av såper, snop, te, fine gamle reklameplakatar + mykje anna fantastisk. Vi blei værande i butikken i nesten ein time før vi klarte å rive oss laus.

Etter at eg har komme heim har eg søkt litt etter butikken og funne den på nett! Hurra! Der fant eg ut at det finnes ein liknande butikk i Leeds.

Her er linken til nettsida: www.rose-apothecary.co.uk/

Enjoy!

måndag 19. oktober 2009

Biestube vart ein suksess!

Då var årets bierstube unnagjort, det var fantastisk kjekt! Eg likte at det var så mange som hadde kledd seg ut! Sjå kor tøffe vi var då;)

laurdag 8. august 2009

Snart Sogndal!

No er vi allerede komme til andre helga i august, dette betyr at eg har mi siste jobbehelg og at sommaren snart er over. Eg har tilbragt store deler av denne sommarferien på Hauglandsenteret i Flekke. Det har blitt ein del jobbing i sommar, men eg har valgt det sjølv, så det har ikkje vore så gale, jo meir eg jobber om sommeren jo mindre treng eg å jobbe til hausten for å overleve. I morgon skal eg altså ha mi siste vakt på Hauglandsenteret, det er faktisk litt trist å tenkje på, eg trur nok at eg kjem til å sakne å jobbe der. Kven veit, det kan jo hende eg skal jobbe der ved seinare anledningar.










Nok om at eg skal slutte på Hauglandsenteret og over til at eg snart skal flytte tilbake til Sogndal, endeleg! Dette er den sommaren eg har sakna Sogndal mest, er vel også difor det har blitt nokre turar dit iløpet av ferien. Eg har store planar om å være meget effektiv med pakking på mandag, slik at eg kan flytte til Sogndal på tirsdag. På tirsdag er det jo fotballkamp på fosshaugadn, Sogndal mot Haugesund. HEIA SOGNDAL!!! (sjølv om haugesund ikkje hadde vore det verste laget å tape mot, det er mitt lag nr.2 på favorittlista;)








Når eg flytter tilbake til Sogndal i år skal eg flytte litt lenger enn over gjerdet, som eg gjorde sist gong. Eg skal flytte inn i eit rødt og fint hus som ligg meget sentralt i Sogndal. Flotte folk skal eg bu med og, så dette kjem til å verte eit bra år!








Huset eg skal bu i, lånte biletet av Ingri Martine, ei av mine nye sambuarar.

fredag 7. august 2009

Tomatsuppe til kvelds


Då eg kom heim frå jobb i kveld fekk eg tomatsuppe og egg til kvelds. Det var kjempe godt, egget hadde til og med to plommer;) vel verdt eit blogginnlegg, tykkjer eg.